Salsvilkår

Kort oppsummert …

Salsvilkåra gjengitt under er klippa og limt (og lett parafrasert) frå Forbrukertilsynets «Standard salgsbetingelser for forbrukerkjøp for varer over Internett». Det som i korte trekk står her er at

  • Når du kjøper noko, og det har blitt levert til deg, må du betale for det. Betaler du med kort/Vipps reserverer eg beløpet ved bestilling.
  • Dersom du kjøper noko, og det har feil, kan du få pengar tilbake, nytt produkt, reparasjon eller i verste fall kreve erstatning.
  • Alle kjøp har 14 dagars angrerett frå dagen etter at varen er levert til deg. Trenger du å angre etter at fristen er utløpt, er det lov å spørja, så forsøker eg å vera rimeleg, men 14 dager er altså den lovfesta angreretten eg ikkje kan seie nei til.
  • Om du ikkje betaler kan eg kreve betaling, holde varen tilbake, eller heve kjøpet.

Partar

Seljaren (heretter kalla «eg») i denne avtalen er

Solstrand Publishing
Kleivveien 14
1356 BEKKESTUA
olafmoriarty@gmail.com
Telefon 957 08 325
Org.nr. 986 012 559

Kjøparen («du») er forbrukaren som gjer bestillinga.

Pris

Oppgitt pris er den totale prisen du skal betale, og dette inkluderer alle avgifter og kostnadar. Du er ikkje ansvarleg for å betale meir enn den prisen som står på produktsida.

Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når bestillinga er sendt til meg.

Betaling

Eg kan kreve betaling for varen frå den sendast. Når du bruker kort (kreditt/debet) eller Vipps ved betaling, kan eg reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling, og belaste det same dag som varen sendast.

Ved kjøp av digitale produkt får du tilgong til varen seinast det augeblikket du betaler (dersom varen er ein «Betal kva du vil»-vare har du òg normalt tilgong til varen før du betaler.)

Ved betaling med faktura, blir fakturaen din utstedt når varen sendast, med minimum 14 dagars forfallsdato. Dersom du er under 18 år kan du ikkje betale med etterfølgjande faktura.

(Fakturabetaling er i utgangspunktet ikkje tilbudt som betalingsløysing i denne nettbutikken. Skulle du trenge å betale med faktura, send meg ein e-post, så ordnar eg det.)

Levering

Levering har skjedd når du, eller nokon som representerer deg, har overtatt tingen.

Levering blir gjort så snart som mogleg etter bestilling og seinast 30 dagar etter bestilling. Dersom varen er eit digitalt produkt, får du tilgong til det rett etter bestilling. Dersom varen ikkje er eit digitalt produkt, blir det levert til den leveringsadressa du har oppgitt, med mindre vi har avtalt noko anna.

Risiko

Risikoen for varen går over på deg når du har fått varen levert som skildra over.

Angrerett

Med mindre varen du kjøper er eit produkt som er unnteke frå angrerett, kan du sjølvsagt angre kjøpet i henhold til angrerettloven. Isåfall er det berre å kontakte meg.

Det er alltid kjipt at du angrer på kjøpet, så eg vil i dei fleste tilfelle gjerne gi deg pengane tilbake når du måtte ønskje, men det du har rett til i loven er 14 dagars angrerett. Altså: Er det under fjorten dagar sidan varen blei mottatt, er eg lovpålagt å akseptere at du angrar. Runda opp til næraste virkedag dersom den fristen er ein laurdag, helligdag eller høgtidsdag.

(Har du ikkje blitt informert av meg om at du har angrerett, er fristen tolv månader. Det same gjeld om eg ikkje informerer deg om vilkår, fristar og framgangsmåte for å nytte angreretten. Gir eg deg denne informasjonen i løpet av tolvmånadersperioden, har du framleis 14 dagar angrerett etter at informasjonen er motteke.)

Reint juridisk er det du som har ansvar for å bevise at du har brukt angreretten, så det er fint om du kontakter meg skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

Angrefristen byrjar å løpe:

  • Ved kjøp av enkeltståande varer: dagen etter varen(e) er mottatt
  • Ved kjøp av eit abonnement eller regelmessig levering av identiske varar: frå dagen etter første forsending er mottatt
  • Om kjøpet kjem til deg i fleire leveranser: frå dagen etter at siste levering er mottatt

Bruker du angreretten må varen leverast tilbake til meg seinast 14 dagar frå du varsler om at du har lyst til å bruke angreretten. Skulle det vera snakk om ein fysisk vare, er det ditt ansvar å dekke returkostnadane. Eg har ikkje lov til å kreve eit gebyr for at du angrer.

Du har lov til å angre kjøpet sjølv om du har prøvd/brukt varen.

Eg er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til deg sporenstreks, og seinast 14 dagar frå eg fekk melding om at du ville bruke angreretten. Eg har rett til å holde tilbake betalinga til eg har mottatt varane i retur eller du kan dokumentere at varen er sendt tilbake. (For digitale produkt trenger du sjølvsagt ikkje å sende tilbake noko som helst.)

Dine rettar og fristar ved manglande levering

Om eg ikkje leverer varen, eller eg leverer den seinare enn det vi har avtalt, og det ikkje er di skuld, kan du ifølgje forbrukerkjøpslovens kapittel 5 halde kjøpesummen tilbake, kreve oppfyllingheve avtalen og/eller kreve erstatning frå meg.

Igjen, juridisk sett er det veldig fint om krav du kjem med i den konteksten er skriftlege (til dømes e-post).

Oppfylling

Du kan fastholde kjøpet og kreve at eg oppfyller avtalen. Du kan imidlertid ikkje kreve oppfylling dersom det foreligger ei hindring som eg ikkje kan overvinne, eller om oppfylling vil medføre ein så stor ulempe eller kostnad for meg at det står i vesentlig misforhold til din interesse i at eg oppfyller. Du kan likevel kreve oppfylling om desse vanskane fell bort i rimelig tid.

Venter du urimeleg lenge med å stille dette kravet, mister du retten til oppfylling.

Heving

Om eg ikkje leverer varen på avtalt leveringstidspunkt, skal du oppfordre meg til å levere innan en rimelig tilleggsfrist for oppfylling. Om eg ikkje klarer å halde den fristen, kan du heve kjøpet.

Om eg nekter å levere varen, kan du heve kjøpet umiddelbart. Det same gjeld om levering til avtalt tid var avgjerande for inngåing av avtalen, eller du har underretta meg om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Leverast tingen etter tilleggsfristen du har satt eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåing av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimelig tid etter at du fikk vite om leveringa.

Erstatning

Du kan kreve erstatning for lidt tap som følge av forsinkelsen. Dette gjelder ikkje ikke dersom eg kan godtgjera at forsinkelsen skuldast ei hindring eg ikkje har kontroll over som det ikkje hadde vore rimeleg å ta i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgjane av.

Dine rettar og fristar ved manglar

Om varen har ein mangel, må du gi melding til meg innan rimeleg tid etter at du oppdaga den eller burde ha oppdaga den (to månader etter at du oppdaga den er alltid «rimeleg tid»). Reklamasjonsfristen er to år etter at du overtok varen, eller fem år dersom det er ein type vare som er tenkt å vare meir enn to år.

Forbrukarkjøpslovens kapittel 6 seier at dersom varen har ein mangel og det ikkje er di skuld, kan du halde kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og omlevering, kreve prisavslag, kreve avtalen heva og/eller kreve erstatning frå meg.

Reklamasjon bør skje skriftlig.

Retting eller omlevering

Du kan velja mellom å kreve mangelen retta, eller at eg leverer ein tilsvarande ting. Om det er umogleg eller urimeleg dyrt for meg å gjennomføre det kravet, kan eg likevel motsetja meg det. Retting eller omlevering skal gjerast innan rimeleg tid. Eg har ikkje rett til å gjera eir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag

Om varen ikkje blir retta eller omlevert, kan du kreve eit passande prisavslag. «Passande» tyder her at forholdet mellom nedsatt og avtalt pris tilsvarer forholdet mellom tingen med mangel og tingel sånn som den blei lova. Om særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden for setjast lik kor stor tyding mangelen har for deg som kjøpar.

Heving

Om varen ikkje rettast eller omleverast, kan du òg heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

Mine rettar ved ditt mislighald

Om du ikkje betaler eller oppfyller andre ting denne avtalen eller loven seier at du skal gjera, og det ikkje er i skuld, kan eg etter forbbrukerkjøpsloven kapittel 9 etter omstendigheitene halde varen tilbake, kreve oppfylling av avtalen, eller kreve avtalen heva.

Loven seier òg at eg har rett til å kreve erstatning frå deg, pålegge eit inkassogebyr, eller pålegge eit gebyr ved uavhenta varer, men dei rettane kjem eg ikkje til å benytte meg av, og dei er difor ikkje skildra grundigare her.

Oppfylling

Eg kan fastholde kjøpet og kreve at du betaler kjøpesummen. Eg mistar den retten dersom varen ikkje er levert og eg venter urimelig lenge med å fremme kravet.

Heving

Eg kan heve avtalen dersom det foreligger vesentlig betalingsmislighald eller anna vesentlig mislighald frå di side, men ikkje dersom heile kjøpesummen er betalt. Om eg gir deg ein rimeleg tilleggsfrist for oppfyling og du ikkje betaler innan denne fristen, kan eg heve kjøpet.

Garanti

Dersom eg gir deg ein garanti, inneheld den garantien rettar som du får i tillegg til det loven gir deg rett på. Rettane dine i forhold til reklamasjon og krav ved forsinkelse eller mangel blir altså uansett aldri innskrenka av dette.

Personopplysninger

Behandlingsansvarlig for innsamla personopplysninger er meg. Utan samtykke kan eg ikkje innhente andre personopplysningar om deg enn dei som det er nødvendig for meg å ha for å kunne oppfylle avtalen. Eg vil ikkje gi opplysningane dine til andre med mindre det er nødvendig for at eg kan oppfylle avtalen, eller om loven krever det.

Konfliktløysing

Klager rettast til meg innan rimeleg tid, og oppstår det ein tvist mellom oss skal vi først forsøke å løyse det i minneligheit. Får vi ikkje til det, kan duta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling, på  telefon 23 400 600 eller på www.forbrukertilsynet.no.

Det er visstnok òg mogleg å klage gjennom Europa-Kommisjonens klageportal, som særleg er relevant om du bur i eit anna EØS-land. Den finner du her: http://ec.europa.eu/odr.