Svart-kvitt-fotografi av Olaf Moriarty Solstrand.

Velkomen til mi heimeside! Her finner du ei oversikt over diverse småprosjekt eg har laga.

For augeblikket fokuserer denne portefølja mest på prosjekt innanfor web– og spelutvikling. Eg har laga nettsider på hobbybasis i 20-25 år, og bruker primært React som frontendspråk og PHP som backendspråk.

Under menypunktet Tekstar finner du informasjon om bøker og teikneseriar eg har skrive. Det er ei stund sidan eg har produsert ny tekst, så denne informasjonen vil ikkje bli oppdatert veldig ofte.

På dagtid jobbar eg som spesialbibliotekar i Bærum bibliotek med 15 års erfaring frå bibliotekbransjen.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!