Tidsreiserens hekseprosess

kr 9,00kr 199,00

Ein adventskalender med 24 oppgåver å løyse. Spelet er i utgangspunktet gratis (sjå lenkje i produktinformasjonen under), men du kan velja å betale eit valfritt beløp for det dersom du ønskjer det. Isåfall: Tusen takk!

Kjøp nå med
Produktnr: I/A Kategori:

Beskrivelse

For over tre hundre år sidan blei ei mektig heks brent på julaften i den vesle byen Åsdalvik. Heksa etterlot seg ei samling bøker som var sat å innehalde profetiar om framtida, men bøkene var skydda av kodelåsar som ingen nokon gong har klart å opne. Når bibliotekar og lokalhistoriefan Marve kjem over ei av desse bøkene, oppdagar han til si store overrasking at han enkelt kan opne kodelåsen, men han er òg sjokkert over å oppdage at boka inneheld eit objekt som definitivt kjem frå 2000-talet.

Tidsreiserens hekseprosess (The Time Traveler’s Witch Trial) er eit adventskalenderspill i 24 delar, som du kan spille her:

Tidsreiserens hekseprosess opererer etter ein «Betal kva du vil»-modell. Dersom du ønskjer å spele gratis, er det sjølvsagt opent for det, men dersom du liker det så godt at du ønskjer å betale litt, kan du velja eit beløp frå skjemaet over og betale det med Vipps. Det er isåfall veldig hyggeleg gjort av deg, og det oppmuntrar meg til å lage fleire spel som dette i framtida. Eg understreker likevel at dette er ei heilt valfri ordning, og at du ved å betale ikkje får tilgong til noko som helst som ikkje òg er tilgjengeleg for dei som ikkje betaler.

NB: Når du betaler med Vipps, blir du bedt om å oppgi «adresse varen skal leveres til». Det er ingen vare som blir levert til deg, men for å generere ein faktura til deg (som eg er nøydt til å gjera når du kjøper noko av meg) krever lovverket at eg har adressa di. Beklager bryderiet.

Tilleggsinformasjon

Velg din pris

9 kr, 19 kr, 29 kr, 49 kr, 79 kr, 99 kr, 199 kr